Varsel om oppstart av detaljregulering av Nordre Vågholmen - Bokn kommune

I samsvar med § 12-8 i Plan og bygningslova, vil me med dette informere om at Omega Areal AS på vegne av Osmund Våga skal utarbeide forslag til reguleringsplan for Nordre Vågholmen, gnr. 7, bnr. 12 i Bokn kommune. I planen vil og inngå eit mindre arkeringsareal, på gnr. 7, bnr. 11. Planområdet går fram av vedlagte kart. Varsel om oppstart er lagt ut på heimesida til Bokn kommune og Omega Areal AS.

Området er i arealdelen til kommuneplanen sett av til fritids- og turistføremål. Føremålet med planarbeidet er å leggje til rette for utvikling av eit reiselivsanlegg med utgrangspunkt i gamle grunnmurar for hus og sjøhus. Tilkomsten vil vera med båt.

Området er av Bokn kommune vurdert til ikkje å utløyse krav om konsekvensutgreiing (KU), då tiltaket er i samsvar med overordna plan.

For nærare informasjon kan du kontakta Omega Areal as, tlf 975 40 000/469 82 007.

Eventuelle merknader til oppstart av planarbeidet kan sendast til
Omega Areal as, Kvassanesvegen 4, 5582 Ølensvåg eller areal@omega.no - innan 20.06.2016.

Etter at meldingsfristen er ute vil sjølve planforslaget verte utarbeidd og innsendt til kommunen. Etter første gongs handsaming vert planen utlagt til offentleg ettersyn. Det vil då vere høve til å komma med eventuelle merknader og motsegn mot planforslaget før endeleg handsaming av planen.


Bilder


Vedlegg