Varsel om oppstart av detaljregulering for næringsområde ved Tysingvatnet – Suldal kommune

I samsvar med § 12-8 i Plan og bygningslova, vil me med dette informere om at Omega Areal as på vegne av Suldal kommune skal utarbeide forslag til reguleringsplan for næringsområde ved Tysingvatnet, gnr. 155 bnr. 8 m.fl., Jelsa i Suldal kommune. Planområdet går fram av vedlagte kart. Varsel om oppstart er lagt ut på heimesida til Suldal kommune og Omega Areal as.

Føremålet med planarbeidet er å leggje til rette for utbygging av området til næringsføremål med tilhøyrande tilkomstvegar med meir. Eksisterande veg gjennom planområdet er tenkt regulert til offentleg veg, og tjern/vatn innanfor området skal fyllast igjen og kunne nyttast som næringsområde.

Området er i gjeldande kommuneplan sett av til næringsområde. Føremålet med planarbeidet er å leggje til rette for dette, og Suldal kommune har difor vurdert at planen ikkje utløyser krav om konsekvensutgreiing (KU).

For nærare informasjon kan du kontakta Omega Areal as, tlf 975 40 000.

Eventuelle merknader til oppstart av planarbeidet kan sendast til Omega Areal as, Kvassanesvegen 4, 5582 Ølensvåg eller areal@omega.no - innan 20.06.2018.

Etter at meldingsfristen er ute vil sjølve planforslaget verte utarbeidd og innsendt til kommunen. Etter første gongs handsaming vert planen utlagt til offentleg ettersyn. Det vil då vere høve til å komma med eventuelle merknader og motsegn mot planforslaget før endeleg handsaming av planen.


Bilder


Vedlegg