Varsel om oppstart av detaljregulering for masseuttak i Tordalen, Vikebygd – Vindafjord kommune

I samsvar med § 12-8 i Plan og bygningslova, vil me med dette informere om at Omega Areal as på vegne av Ståle Jordal skal utarbeide forslag til reguleringsplan for masseuttak innanfor gnr./bnr. 319/5 som ligg i Tordalen i Vikebygd, Vindafjord kommune. Planområdet går fram av kart. Varsel om oppstart er lagt ut på heimesida til Vindafjord kommune og Omega Areal as.

Området er i arealdelen til kommuneplanen hovudsakleg sett av til byggjeområde for framtidig råstoffutvinning, men eit 8 daa stort areal ligg i LNF-område. Føremålet med planarbeidet er å leggje til rette for masseuttak med tilhøyrande anlegg, og tilkomstveg frå fylkesveg 734 – Vikevegen. Området vil bli nytta til produksjon og lagring av stein og knusing av massar til grus, singel og pukk. Arealet vil bli tilbakeført til LNF-område etter kvart som dei aktuelle massane er tatt ut.

Jamfør kommuneplanens føresegner er det krav om konsekvensutgreiing for planar som omfattar område for masseuttak. Kommunen har vurdert og funne at det ikkje er trong for å utarbeide eit planprogram for KU, men at det i planskildringa skal gjerast ei særskilt vurdering av planen sine verknadar for miljø og samfunn. Aktuelle tema for konsekvensutgreiinga er natur- og miljøforhold, landbruk, friluftsliv, landskap, trafikk og støy. Utgreiinga vil vere basert på kjent kunnskap. Dersom det er andre tema som bør inngå i konsekvensutgreiinga, ber vi om innspel på dette.

I forkant av utsending av oppstartsvarsel, har vi i samråd med kommunen drøfta planavgrensinga og kravet til konsekvensutgreiing med Fylkesmannen i Rogaland. Fylkesmannen støttar planprosessen, men meiner at avgrensinga av planområdet bør følgje avgrensinga for masseuttak i kommuneplanen. Kommunen ser likevel at det kan vere formålstenleg å utvide området mot nord, men at ein må ta særskild omsyn til verknadane dette kan ha for miljø og samfunn i det vidare planarbeidet. Sjå vedlagt notat som vart sendt til Fylkesmannen i samband med dette.

Mer informasjon finner du i vedlagte filer for nedlastning, eller ved å ta kontakt med Omega Areal as, tlf 975 40 000.

Vi ber særskilt om innspel på følgande:

Eventuelle merknader til oppstart av planarbeidet kan sendast til Omega Areal as, Kvassanesvegen 4, 5582 Ølensvåg eller areal@omega.no - innan 15.04.2018.

Etter at meldingsfristen er ute vil sjølve planforslaget verte utarbeidd og innsendt til kommunen. Etter første gongs handsaming vert planen utlagt til offentleg ettersyn. Det vil då vere høve til å komma med eventuelle merknader til planforslaget før endeleg handsaming av planen.


Bilder


Vedlegg