Varsel om oppstart av detaljregulering for Solnes i Nedre Vats - Vindafjord kommune

I samsvar med § 12-8 i Plan og bygningslova, vil me med dette informere om at Omega Areal as på vegne av Jan Trygve Haraldseid og Ivar Huse Aaserød skal utarbeide forslag til reguleringsplan for gnr. 138 bnr. 8, 15 og 23 som ligg på Solnes på austsida av Vatsfjorden. Planområdet går fram av kart. Varsel om oppstart er lagt ut på heimesida til Vindafjord kommune og Omega Areal AS. 

Føremålet med planarbeidet er å leggje til rette for utbygging av naust med tilhøyrande småbåtanlegg, og å ivareta eksisterande bustadar, samt leggja til rette for nye bustadar og utbetring av tilkomstvegen til eigedommane. I samband med utbygging av naust, ynskjer ein å fylle ut i sjø. 

Området langs sjøen er i kommuneplanen avsett til framtidig naustområde, medan området på austsida av vegen er avsett til noverande bustadføremål. Reguleringa er for det meste i samsvar med overordna plan. Området er av Vindafjord kommune difor vurdert til ikkje å utløyse krav om konsekvensutgreiing (KU). 

For nærare informasjon kan du kontakta Omega Areal as, tlf 975 40 000. 

Eventuelle merknader til oppstart av planarbeidet kan sendast til
Omega Areal AS, Kvassanesvegen 4, 5582 Ølensvåg eller areal@omega.no - innan 09.01.2017.

Etter at meldingsfristen er ute vil sjølve planforslaget verte utarbeidd og innsendt til kommunen. Etter første gongs handsaming vert planen utlagt til offentleg ettersyn. Det vil då vere høve til å komma med eventuelle merknader til planforslaget før endeleg handsaming av planen.


Bilder


Vedlegg