Varsel om oppstart endring av detaljregulering, Skrabbavik – Tysvær kommune

I samsvar med § 12-8 i Plan og bygningslova, vil me med dette informere om at Omega Areal as på vegne av Berge Sag AS skal utarbeide forslag til detaljreguleringsplan for Skrabbavik, del av gnr. 36, bnr. 1 m.fl. i Tysvær kommune. Planområdet går fram av vedlagte kart. Varsel om oppstart er lagt ut på heimesida til Tysvær kommune og Omega Areal AS.

Det aller meste av området er regulert med vedtak i kommunestyret 18. februar 2014. Føremålet med detaljreguleringa nå er å styrka grunnlaget for reiselivsverksemda og å gi betre utnytting av området til fritidsbustader. Det vil bli vurdert å fristilla båtplassar som kan reserverast for gjester ved serveringsstaden, å etablera faste båtplassar med naustbuer sør i vika, å ta vekk ein haug for å gi større og fleire hyttetomter samt å nytta overskotsmassar til ny veg og nytt utbyggingsområde sør i vika.

Det vil bli gjort ei konsekvensanalyse for aktuelle fagområder i sjøen og strandsona lengst sør i vika. Konsekvensanalysen vil bli behandla som ein del av planframlegget.

For nærare informasjon kan du kontakta Omega Areal as, tlf 975 40 000.

Eventuelle merknader til oppstart av planarbeidet kan sendast til
Omega Areal AS, Kvassanesvegen 4, 5582 Ølensvåg eller areal@omega.no - innan 10.01.2017.

Etter at meldingsfristen er ute vil sjølve planforslaget verte utarbeidd og innsendt til kommunen. Etter første gongs handsaming vert planen utlagt til offentleg ettersyn. Det vil då vere høve til å komma med eventuelle merknader og motsegn mot planforslaget før endeleg handsaming av planen.


Bilder


Vedlegg