Varsel om oppstart av detaljregulering for Sandaneset sør, Jelsa – Suldal kommune

I samsvar med § 12-8 i Plan og bygningslova, vil me med dette informere om at Omega Areal as på vegne av Suldal kommune skal utarbeide forslag til reguleringsplan for Sandaneset, gnr. 139 bnr. 60 m.fl., på Jelsa i Suldal kommune. Planområdet går fram av vedlagte kart. Varsel om oppstart er lagt ut på heimesida til Suldal kommune og Omega Areal as.

Føremålet med planarbeidet er å leggje til rette for utbygging av bustadar med tilhøyrande tilkomstvegar, uteopphaldsareal, leikeplassar, friluftsområder med meir, innanfor området som er merkt av som planområde A på vedlagt kart. Tilkomsten til området er tenkt via eksisterande veg som går gjennom tilgrensande bustadområde i nord. For å legga forholda betre til rette for gåande og syklande kan det bli aktuelt med ei utbetring av vegen som ligg innanfor planområde B på vedlagt kart.

Området er i gjeldande kommuneplan sett av til bustadar og LNF-område. Føremålet med planarbeidet er å leggje til rette for dette, og Suldal kommune har difor vurdert at planen ikkje utløyser krav om konsekvensutgreiing (KU).

For nærare informasjon kan du kontakta Omega Areal as, tlf 975 40 000.

Eventuelle merknader til oppstart av planarbeidet kan sendast til Omega Areal as, Kvassanesvegen 4, 5582 Ølensvåg eller areal@omega.no - innan 29.05.2017.

Etter at meldingsfristen er ute vil sjølve planforslaget verte utarbeidd og innsendt til kommunen. Etter første gongs handsaming vert planen utlagt til offentleg ettersyn. Det vil då vere høve til å komma med eventuelle merknader og motsegn mot planforslaget før endeleg handsaming av planen.


Bilder


Vedlegg