Hopp til innhold

Varsel om oppstart av detaljregulering for gnr./bnr. 46/86 m.fl., Olderdalen 20 — Stord kommune

I samsvar med § 12-8 i Plan og bygningslova, vil me med dette informere om at Omega 365 Areal AS på vegne av Hebu Eiendom AS skal utarbeide forslag til reguleringsplan for Olderdalen 20 i Stord kommune. Planområdet med storleik på ca. 3,0 dekar, går fram av kart, og omfattar gnr. 46 bnr. 86 m.fl. Varsel om oppstart er lagt ut på heimesida til Stord kommune og Omega 365 Areal AS.

Området er i gjeldande reguleringsplan, med planID Olderdalen R-064-002 (vedtatt KS 30.05.2007), sett av til byggjeområde for frittliggande småhus. Føremålet med planarbeidet er å leggje til rette for konsentrerte småhus. Tilkomst til området er tenkt via Myrateigen.

Stord kommune har vurdert og konkludert med at planen ikkje utløyser krav om konsekvensutgreiing.

For nærare informasjon kan du kontakta Omega 365 Areal AS, tlf 975 40 000.

Eventuelle merknader til oppstart av planarbeidet kan sendast til Omega 365 Areal AS, Kvassanesvegen 4, 5582 Ølensvåg eller areal@omega.no - innan 07.02.2018.

Etter at meldingsfristen er ute vil sjølve planforslaget verte utarbeidd og innsendt til kommunen. Etter første gongs handsaming vert planen utlagt til offentleg ettersyn. Det vil då vere høve til å komma med eventuelle merknader og motsegn mot planforslaget før endeleg handsaming av planen.

Bilder