Varsel om detaljplan for Eidssjøen II, gnr. 93, bnr. 11 m.fl., plan-id 201604

I samsvar med Plan- og bygningslova vil vi med dette informere om at Omega Areal as på vegne av Suldal kommune skal utarbeide detaljplan for Eidssjøen II, nord for Sand sentrum i Suldal kommune. Yttergrense for planområdet er vist på vedlagte kart.

Føremålet med detaljplanen er å leggje til rette for ålmennyttige føremål, konsentrerte bustader, naust, kai og småbåtanlegg, samt naudsynt areal til vegføremål. Området er av Suldal kommune vurdert til å ikkje utløyse krav om konsekvensutgreiing (KU), då føremåla for utbygging i hovudsak er i samsvar med avsette føremål i gjeldande planar.

For nærare informasjon kan du kontakte Omega Areal AS, tlf 975 40 000.

Eventuelle merknader til oppstart av planarbeidet kan sendast til Omega Areal AS, Kvassanesvegen 4, 5582 Ølensvåg eller areal@omega.no - innan 25.03.2016.

Etter at meldingsfristen er ute vil sjølve planforslaget verte utarbeidd og innsendt til kommunen. Etter første gongs handsaming vert planen utlagt til offentleg ettersyn. Det vil då vere høve til å komma med eventuelle merknader og motsegn mot planforslaget før endeleg handsaming av planen

Bilder

Vedlegg