Varsel om oppstart av detaljregulering for brannstasjon på Jelsa – Suldal kommune

I samsvar med § 12-8 i Plan og bygningslova, vil me med dette informere om at Omega Areal as på vegne av Suldal kommune skal utarbeide forslag til detaljregulering for brannstasjon på gnr. 139 bnr. 170 på Jelsa. Planområdet går fram av vedlagte kart. Varsel om oppstart er lagt ut på heimesida til Suldal kommune og Omega Areal as.

Området er i arealdelen til kommuneplanen omfatta av omsynssone der gjeldande reguleringsplan skal gjelda. I reguleringsplanen er området regulert til friluftsføremål. Føremålet med planarbeidet er å leggje til rette for ny brannstasjon med tilhøyrande tilkomst.

Etter ei nærare vurdering er det konkludert med at planen ikkje utløyser krav om konsekvensutgreiing (KU).

For nærare informasjon kan du kontakta Omega Areal as, tlf 975 40 000.

Eventuelle merknader til oppstart av planarbeidet kan sendast til Omega Areal as, Kvassanesvegen 4, 5582 Ølensvåg eller areal@omega.no - innan 25.01.2019.

Etter at meldingsfristen er ute vil sjølve planforslaget verte utarbeidd og innsendt til kommunen. Etter første gongs handsaming vert planen utlagt til offentleg ettersyn. Det vil då vere høve til å komma med eventuelle merknader til planforslaget før endeleg handsaming av planen.


Bilder


Vedlegg