Hopp til innhold

Suldal Transport 100 år

Det var for nøyaktig hundre år sidan at ein framsynt mann i kommunestyret til Suldal kom med forslaget om å motorisera frakttransporten mellom Suldalsosen og Sand. Det vart starten på det som i dag er ein av Noregs største private Transportørar.


Han meinte altså at tida var inne for å bytta ut hest og kjerre med bil, og forslaget vart godt mottatt. Den første bilen til selskapet som med åra skulle bli Suldal Transport vart bestilt frå Amerika. Bilen kom til Oslo og var pakka i fleire esker. Ein suldøl vart sendt til Oslo for å henta den, og det tok omlag ein månad å montera bilen før han kunne køyra den over fjellet og heim til Suldal.

No har Suldal Transport omlag 130 bilar på vegen og er til saman 280 tilsette. I august feira dei sine 100 år.

Bilkortesjen frå 100-årsjubileet i august.

Feiring for alle tilsette

I august sette dei av ein heil dag for å markera 100-årsjubileet med alle sine tilsette og deira familiar. 

–Me hadde omlag 70 vogntog som køyrde i kortesje frå lokala våre i Aksdal, til Raglamyr og tilbake. Det gir eit spesielt inntrykk å sjå alle desse bilane på rekkje og rad, då forstår me verkeleg kva det betyr å ha 130 vogntog til saman, fortel dagleg leiar i Suldal Transport, Rune Furseth. 

På dagtid var opplegg for heile familien med leikar, både nye og gamle bilar og testkjøring.

Då kvelden kom hadde dei invitert alle tilsette i bedrifta med følge, i tillegg til alle tidligare tilsette som hadde vore i bedrifta i 5 år eller meir. Det var omlag 300 som var med å feira selskapet med 3-rettersmiddag og god underhaldning.

–Rune Bjera var der,  i tillegg spelte Staut og Trave. Trave er eit suldalsband som hadde på bestilling laga ein Suldalssang til denne anledninga, seier Furseth. 

Fokus på dei unge

Suldal Transport har 20 lærlingar og har fokus på å følje desse opp så godt som mogleg. Dei har nå ein eigen person som jobbar med dette.

 –Det er viktig for oss å ha fokus på dette og kunne gi lærlingane tidleg eit inntrykk av vår filosofi. Dette har me fått veldig gode tilbakemeldingar på, fortel Furseth.

Suldal Transport er blant dei største private transportørane i Noreg i dag. Dei er lokalisert på Sand i Suldal, Aksdal, Norheimsund, Odda, Oslo, Bergen og i Stavanger. Selskapet har 250 sjåførar, 150 bilar og 70 hengarar og dei hadde ei omsetnad på 325 mill. kroner i 2018. Dei har ni tilsette som er busett i Vindafjord kommune.

–Antallet direktekundar frå Vindafjord kommune varierer, men ligg ein stad mellom 10 -20 i månaden. I tillegg kjører 10-15 bilar i faste ruter og leverer i mellom anna Vindafjord, seier Furseth.