Varsel om oppstart av detaljregulering for Vikedal sentrum sør — Vindafjord kommune
I samsvar med § 12-8 i Plan og bygningslova, vil me med dette informere om at Omega 365 Areal AS på vegne av grunneigarane av gnr/bnr 67/260 skal utarbeide forslag til reguleringsplan for Vikedal sentrum sør, i Vindafjord kommune. Planområdet går fram av kart.
Området er i arealdelen til kommuneplanen i hovudsak sett av til byggjeområde for sentrumsføremål, i tillegg til at ein mindre del i sør er sett av til næringsføremål og LNF-føremål. Føremålet med planarbeidet er å leggje til rette for utbygging av sentrumsføremål; bustadar, forretning og tenesteyting, og næring i den sørlegaste delen, som byggjer opp om kommuneplanens mål om å utvikle området til ein del av Vikedal sentrum. Tilkomst til området vil vere via regulert veg frå Kyrkjehølsvegen, i tillegg til at ein ynskjer å sjå på moglegheit for etablering av tilkomst lenger sør i området, frå fylkesveg 46 (Saudavegen).
Området er vurdert til ikkje å utløyse krav om konsekvensutgreiing (KU), då planforslaget i hovudsak vil vere i samsvar med kommuneplanen.
Då området har ei sentral plassering i bygda, er det ynskjeleg å inkludere innbyggarane og andre interesserte så tidleg som mogleg i planarbeidet. Vi ynskjer difor å invitere til eit ope informasjonsmøte der ein vil få nærare informasjon, og får moglegheit til å vere med å påverke utforminga av området. Stad og dato for møte vil vere på Bygdahuset i Vikedal, klokka 19.00 den 12.desember. Sjå eigen invitasjon vedlagt. Spreie gjerne informasjon om møtet vidare til vener og kjende.
Eventuelle innspel til oppstart av planarbeidet kan sendast til Omega 365 Areal AS, Kvassanesvegen 4, 5582 Ølensvåg eller areal@omega.no - innan 04.01.201.
For nærare informasjon kan du kontakta Omega 365 Areal AS, tlf 975 40 000.
Etter at meldingsfristen er ute vil sjølve planforslaget verte utarbeidd og innsendt til kommunen. Etter første gongs handsaming vert planen utlagt til offentleg ettersyn. Det vil då vere høve til å komma med eventuelle innspel/merknader til planforslaget før endeleg handsaming av planen.