Varsel om oppstart av detaljreguleringsplan for Fåra - Tysvær kommune

I samsvar med § 12-8 i Plan og bygningslova, vil me med dette informere om at Omega Areal AS på vegne av Fåra Eiedom AS skal utarbeide forslag til reguleringsplan for Fåra, del av gnr. 41, bnr. 7 m.fl. – Tysvær kommune. Planområdet går fram av vedlagte kart. Varsel om oppstart er lagt ut på heimesida til Tysvær kommune og Omega Areal AS.

Området er i arealdelen til kommuneplanen sett av til byggjeområde for fritidsbustadar, reiselivsanlegg og småbåthamn. Føremålet med planarbeidet er å leggje til rette for utvikling av reiselivsanlegg, vidare utbygging av fritidsbustadar, parkeringsplass og utbygging av småbåthamn med kai for båttransport. Tilkomst frå fylkesvegen er på privat veg.

Området er av Tysvær kommune vurdert til ikkje å utløyse krav om konsekvensutgreiing (KU), på grunn av at reguleringsføremåla er i samsvar med kommuneplanen.

For nærare informasjon kan du kontakta Omega Areal as, tlf 975 40 000.

Eventuelle merknader til oppstart av planarbeidet kan sendast til
Omega Areal as, Kvassanesvegen 4, 5582 Ølensvåg eller areal@omega.no - innan 02.07.2017

Etter at meldingsfristen er ute vil sjølve planforslaget verte utarbeidd og innsendt til kommunen. Etter første gongs handsaming vert planen utlagt til offentleg ettersyn. Det vil då vere høve til å komma med eventuelle merknader og motsegn mot planforslaget før endeleg handsaming av planen.


Bilder


Vedlegg