Varsel om oppstart av reguleringsplan for Vågaheia – Bokn kommune

I samsvar med § 12-8 i Plan og bygningslova, vil me med dette informera om at Omega Areal AS på vegne av tiltakshavar skal utarbeide forslag til reguleringsplan for Vågaheia, Bokn kommune. Planområdet går fram av vedlagte kart. Varsel om oppstart er lagt ut på heimesida til Bokn kommune og Omega Areal AS.

Området er i arealdelen til gjeldande kommuneplan sett av til B19 - byggjeområde for spreidd busetnad, og er i forslag til kommuneplan for Bokn 2012 – 2024 utvida til å kunne innehalde til saman 15 tomter. Det er krav om reguleringsplan før utbygging. Føremålet med planarbeidet er å leggje til rette for slik utbygging som samtidig gir ei god utnytting av arealet vist som utbyggingsområde. Tilkomst vil skje via fv. 897.

Tiltakshavar er Berge Sag AS og grunneigar Tormod Våga.

Området er av Bokn kommune vurdert til ikkje å utløysa krav om konsekvensutgreiing (KU).

Eventuelle merknader til oppstart av planarbeidet kan sendast til

Omega Areal AS, Kvassen, 5582 Ølensvåg eller e-post areal@omega.no innan 02.05.2014

Etter at meldingsfristen er ute vil sjølve planforslaget verta utarbeidd og innsendt til kommunen. Etter første gongs handsaming vert planen utlagt til offentleg ettersyn. Det vil då vere høve til å komma med eventuelle merknader og motsegn mot planforslaget før endeleg handsaming av planen.


Bilder


Vedlegg