Hopp til innhold

Varsel om oppstart av detaljregulering for Vågshagen 6, gnr. 295, bnr. 4 — Vindafjord kommune

I samsvar med § 12-8 i Plan og bygningslova, vil me med dette informere om at Omega 365 Areal AS på vegne av Huskvam as v/ Nils Kvamen skal utarbeide forslag til reguleringsplan for Vågshagen 6 i Vindafjord kommune.

Området er i arealdelen til gjeldande kommuneplan 2011 – 2021 sett av til byggjeområde for bustader, medan delar av området ligg i høyringsutgåva til kommuneplanen 2016 – 2028 med bandleggingssone for regulering av E134. Føremålet med planarbeidet er å leggje til rette for konsentrerte bustader med tilkomst via tilgrensande detaljplanar for Vågshagen og tilkomst til eksisterande bustader. Tilkomst til området vil liggje i bandleggingssona avsett i kommuneplanen.

Området er av Vindafjord kommune vurdert til å ikkje utløyse krav om konsekvensutgreiing (KU), då føremålet for bustadutbygging er i samsvar med overordna plan.

For nærare informasjon kan du kontakte Omega 365 Areal AS, tlf 975 40 000.

Eventuelle merknader til oppstart av planarbeidet kan sendast til Omega 365 Areal AS, Kvassanesvegen 4, 5582 Ølensvåg eller areal@omega.no - innan 16.05.2016.

Etter at meldingsfristen er ute vil sjølve planforslaget verte utarbeidd og innsendt til kommunen. Etter første gongs handsaming vert planen utlagt til offentleg ettersyn. Det vil då vere høve til å komma med eventuelle merknader og motsegn mot planforslaget før endeleg handsaming av planen.

Bilder