Varsel om oppstart av reguleringsarbeid for Teien bustadfelt, del av gnr. 22, bnr. 8 – Sauda kommune

I samsvar med § 12-8 i Plan og bygningslova, vil me med dette informera om at Omega Areal as skal utarbeide forslag til detaljreguleringsplan for Teien bustadfelt ved Saudasjøen i Sauda kommune. Planområdet går fram av kart og omfattar delar av gnr. 22, bnr. 8. Varsel om oppstart er lagt ut på heimesida til Sauda kommune og Omega Areal as.

Oppdragsgjevar er Berge Sag og Trelast as, og grunneigar er Tore Ness Øye.

Området er i arealdelen til kommuneplanen sett av til byggjeområde for bustader og LNF- område. Føremålet med planarbeidet er å leggje til rette for einebustader, rekkjehus og leiligheiter med tilhøyrande anlegg. Tilkomst vil skje via regulert veg i tilgrensande reguleringsplan for Teien, vest for planområdet.

Det er avholdt oppstartmøte med Sauda kommune, og området er av kommunen vurdert til ikkje å utløysa krav om konsekvensutgreiing (KU).

For nærare informasjon kan du kontakta Omega areal AS, tlf. 977 40 808.

Eventuelle merknader til oppstart av planarbeidet kan sendast til

Omega Areal AS, Kvassen, 5582 Ølensvåg eller e-post areal@omega.no innan 23.03.2014

Etter at meldingsfristen er ute vil sjølve planforslaget verta utarbeidd og innsendt til kommunen. Etter første gongs handsaming vert planen utlagt til offentleg ettersyn. Det vil då vere høve til å komma med eventuelle merknader og motsegn mot planforslaget før endeleg handsaming av planen.


Bilder


Vedlegg