Hopp til innhold

Varsel om oppstart av detaljregulering for Sveioåsen 3 bustadområde — Sveio kommune

I samsvar med § 12-8 i Plan og bygningslova, vil vi med dette informere om at Omega 365 Areal AS på vegne av Sveio kommune skal utarbeide forslag til detaljregulering for Sveioåsen 3 bustadområde, Sveio kommune. Planområdet går fram av vedlagte kart. Varsel om oppstart er lagt ut på heimesida til Sveio kommune og omegaareal.no.

Området inngår for det meste i eldre reguleringsplaner for Sveioåsen I og II industriområder. Arealene er i kommuneplanen avsatt med at vedtatte reguleringsplaner fortsatt skal gjelde. Føremålet med planarbeidet er å leggje til rette for bustadområde med tilhøyrande funksjoner og friområder. Tilkomst til områda vil vere frå Bakkevegen via Leitevegen.

Området er av Sveio kommune vurdert til ikkje å utløyse krav om konsekvensutgreiing (KU), grunna området allereie er avsett til utbyggingsføremål i gjeldande reguleringsplaner.

For nærare informasjon kan du kontakta Omega 365 Areal AS, tlf 975 40 000.

Eventuelle merknader til oppstart av planarbeidet kan sendast til Omega 365 Areal AS, Kvassanesvegen 4, 5582 Ølensvåg eller areal@omega.no - innan 30.03.2016.

Etter at meldingsfristen er ute vil sjølve planforslaget verte utarbeidd og innsendt til kommunen. Etter første gongs handsaming vert planen utlagt til offentleg ettersyn. Det vil då vere høve til å kome med eventuelle merknader og motsegn mot planforslaget før endeleg handsaming av planen.

Bilder