Hopp til innhold

Varsel om mindre endringar i reguleringsplan for Spona Camping, PlanID 200504, Gnr 61/Bnr 279 — Fitjar kommune

I samsvar med § 12-8 og § 12-14 i Plan og bygningslova, vil me med dette informera om at Omega 365 Areal AS på vegne av Kråko Gjestetun AS har utarbeidd forslag til mindre endringar i reguleringsplanen for Spona camping, Fitjar kommune. Endringane endrar ikkje intensjonane i opphaveleg plan, men endringa inneber nokre endringar innanfor campingplassområdet og føresegnene for området. Planen er samstundes oppgradert til nyaste sosi-versjon. Planområdet er noko justert, då det er nyare overlappande planar langs vegen i området. Planendringa går fram av vedlagt plankart og føresegner. Etter oversending av endringar til kommunen har ein kome fram til at endringane kan varslast som forenkla prosess etter § 12-14 i PBL.

Det er frå tidlegare gjeve nokre dispensasjonar i samband med bygging, og før vidare utbygging ønskjer ein no å avklara endringar gjennom endringar i planen. Det kan sjå ut for at endringane er omfattande, men dette er fordi plankartet er oppdatert til nyare sosi-utgåve. Me kan ikkje sjå at føremålet og intensjonen med gjeldande plan vert vesentleg endra med desse mindre endringane.

Denne varslinga må sjåast på som eit høve til å koma med merknadar før det blir gjort vedtak. Ved eventuelle vesentlege merknadar i varslingsperioden kan planarbeidet bli gjort om til ein full reguleringsprosess. Dersom det ikkje kjem vesentlege merknader i varslingsperioden vil saka bli behandla som mindre endring, jf § 12-14 i Plan- og bygningslova. Vedtaket om den mindre endringa blir ikkje lagt ut til offentleg ettersyn.

For nærare informasjon kan du kontakta Omega 365 Areal AS, tlf 975 40 000.

Eventuelle merknader til oppstart av planarbeidet kan sendast til Omega 365 Areal AS, Kvassanesvegen 4, 5582 Ølensvåg eller areal@omega.no - innan 20.10.2020.

Etter at meldingsfristen er ute vil sjølve planforslaget med endringane verte endeleg utarbeidd og innsendt til kommunen, eventuelle merknadar vil bli vurderte og innsendt i lag med søknaden. 

Bilder