Hopp til innhold

Varsel om oppstart av detaljregulering for ny Skare Barnehage — Odda kommune

I samsvar med § 12-8 i Plan og bygningslova, vil me med dette informere om at Omega 365 Areal AS på vegne av Odda kommune skal utarbeide forslag til reguleringsplan for ny Skare Barnehage, Odda kommune. Planområdet går fram av kart. Varsel om oppstart er lagt ut på odda.kommune.no og omegaareal.no.

Området er i gjeldande reguleringsplan for området avsett til bustadføremål og parkeringsplass mm. Føremålet med planarbeidet er å leggje til rette for oppføring av ny barnehage. Tilkomst skal vere frå fylkesvegen som i gjeldande reguleringsplan.

Området er av Odda kommune vurdert til å ikkje utløyse krav om konsekvensutgreiing (KU), grunna mindre endring av byggjeføremål innafor område som allereie er avsett til utbyggingsføremål.

For nærare informasjon kan du kontakte Omega 365 Areal AS, tlf 975 40 000.

Eventuelle merknader til oppstart av planarbeidet kan sendast til Omega 365 Areal AS, Kvassanesvegen 4, 5582 Ølensvåg eller areal@omega.no - innan 02.11.2015.

Etter at meldingsfristen er ute vil sjølve planforslaget verte utarbeidd og innsendt til kommunen. Etter første gongs handsaming vert planen utlagt til offentleg ettersyn. Det vil då vere høve til å kome med eventuelle merknader og motsegn mot planforslaget før endeleg handsaming av planen.

Bilder