Varsel om oppstart av reguleringsarbeid for gnr. 138, bnr. 5 i Åmsosen– Vindafjord kommune

I samsvar med § 12-8 i Plan og bygningslova, vil me med dette informera om at Omega areal AS skal utarbeide forslag til reguleringsplan for området Roligheten Terrasse. Planområdet går fram av vedlagte kart, og omfattar gnr. 138, bnr. 5. Varsel om oppstart er lagt ut på heimesida til Vindafjord kommune og Omega areal AS.

Tiltakshavar er Yngve Stødle.

Området er i arealdelen til kommuneplanen sett av til byggjeområde for bustader. Føremålet med planarbeidet er å leggje til rette for ei slik utbygging. Eksisterande avkøyrsle vil verta nytta.

Vindafjord kommune har vurdert og konkludert med at planen ikkje utløyser krav om konsekvensutgreiing.

For nærare informasjon kan du kontakta Omega Areal, tlf. 975 40 000.

Eventuelle merknader til oppstart av planarbeidet kan sendast til Omega Areal AS, Kvassen, 5582 Ølensvåg eller e-post areal@omega.no innan 16.12.2013.

Etter at meldingsfristen er ute vil sjølve planforslaget verta utarbeidd og innsendt til kommunen. Etter første gongs handsaming vert planen utlagt til offentleg ettersyn. Det vil då vere høve til å komma med eventuelle merknader og motsegn mot planforslaget før endeleg handsaming av planen.


Bilder


Vedlegg