Varsel om oppstart av mindre endring av reguleringsplan for Nerheim i Ølen – Vindafjord kommune

I samsvar med § 12-8 i Plan og bygningslova, vil me med dette informera om at Omega Areal as på vegne av Vindafjord kommune skal utarbeide forslag til mindre endring av reguleringsplan for Nerheim, Vindafjord kommune. Planområdet går fram av kart. Varsel om oppstart er lagt ut på heimesida til Vindafjord kommune og Omega Areal as.

Varselet gjeld ei mindre endring av eksisterande reguleringsplan for Nerheim, og det skal regulerast til mellom anna parkering, veg, gangveg, fortidsminne og gravplass. Føremålet med planarbeidet er å få til ei framtidsretta og endeleg parkeringsløysing for Ølen kyrkjegard og å betre tilkomsten for gåande frå kyrkja og opp til kyrkjegarden ved gravferder, jf K-sak 075/14.

Området er av Vindafjord kommune vurdert til å ikkje utløysa krav om konsekvensutgreiing (KU), då det er snakk om mindre endringar av eksisterande reguleringsplan.

For nærare informasjon kan du kontakta Omega Areal as, tlf 975 40 000.

Eventuelle merknader til oppstart av planarbeidet kan sendast til Omega Areal as, Kvassanesvegen 4, 5582 Ølensvåg eller areal@omega.no - innan 14.10.2015.

Etter at meldingsfristen er ute vil sjølve planforslaget verta utarbeidd og handsama av kommunen. Etter første gongs handsaming vert planen utlagt til offentleg ettersyn. Det vil då vere høve til å komma med eventuelle merknader og motsegn mot planforslaget før endeleg handsaming av planen.


Bilder


Vedlegg