Varsel om oppstart av detaljregulering for naustområde Olaugstranda, Nedre Vats — Vindafjord Kommune
I samsvar med § 12-8 i Plan og bygningslova, vil vi med dette informere om at Omega 365 Areal as på vegne av grunneigar Agnes Mæland v/ Inge Mæland skal utarbeide forslag til reguleringsplan for naustområde Olaugstranda, Nedre Vats, Vindafjord kommune. Planområdet går fram av vedlagte kart. Varsel om oppstart er lagt ut på heimesida til Vindafjord kommune og Omega 365 Areal AS.
Området er i arealdelen til kommuneplanen sett av til byggjeområde for naust N57 og N58. Føremålet med planarbeidet er å leggje til rette for naustområde med tilhøyrande småbåtanlegg og parkering. Tilkomst vil vere frå FV4744. For meir informasjon sjå planinitiativ og referat frå oppstartmøte som ligg vedlagt.
Reguleringsplanen er delt på to ulike områder på gnr/bnr 138/1, og planområdet har eit samla areal på ca. 12 daa.
Området er av Vindafjord kommune vurdert til å ikkje utløyse krav om konsekvensutgreiing (KU), sidan reguleringsplanarbeidet er i samsvar med kommuneplanen sin arealdel.
For nærare informasjon kan du kontakta Omega 365 Areal AS, tlf 975 40 000.
Eventuelle merknader til oppstart av planarbeidet kan sendast til Omega 365 Areal AS, Kvassanesvegen 4, 5582 Ølensvåg eller areal@omega.no - innan 03.11.2020.
Etter at meldingsfristen er ute vil sjølve planforslaget verte utarbeidd og innsendt til kommunen. Etter første gongs handsaming vert planen utlagt til offentleg ettersyn. Det vil då vere høve til å komme med eventuelle merknader og motsegn mot planforslaget før endeleg handsaming av planen.