Hopp til innhold

Varsel om oppstart av detaljreguleringsplan for 258/4 – Utleigehytter og adkomstveg i Mjelkevika – Ytre Matre — Kvinnherad kommune

I samsvar med § 12-8 i Plan og bygningslova, vil me med dette informera om at Omega 365 Areal AS på vegne av grunneigar Marit Idland m.fl. skal utarbeide forslag til detaljreguleringsplan for 258/4 – utleigehytter og adkomstveg i Mjelkevika, Kvinnherad kommune. Planområdet går fram av kart. Varsel om oppstart er lagt ut på heimesida til Kvinnherad kommune og Omega 365 Areal AS.

Området er i gjeldande kommunedelplan sett av til byggjeområde for framtidig fritids- og turistføremål, FT-06. Føremålet med planarbeidet er å leggje til rette for utleigehytter med tilkomstveg. Prosjektert førebels vegtilkomst og områder for uleigehytter er vist på oppstartkartet. Det er føreteke geologiske vurderingar av området, og det er utarbeidd eit kart som syner skredfaresoner. Byggjeområda er tenkt plassert utanom desse områda.

Området er av Kvinnherad kommune vurdert til å ikkje utløysa krav om konsekvensutgreiing (KU), grunna tiltaket er i samsvar med overordna plan, og det ikkje kjem inn under tiltaka i vedlegget til forskrifta.

For nærare informasjon kan du kontakta Omega 365 Areal AS, tlf 975 40 000.

Eventuelle merknader til oppstart av planarbeidet kan sendast til Omega 365 Areal AS, Kvassanesvegen 4, 5582 Ølensvåg eller areal@omega.no - innan 01.08.2016.

Etter at meldingsfristen er ute vil sjølve planforslaget verta utarbeidd og innsendt til kommunen. Etter første gongs handsaming vert planen utlagt til offentleg ettersyn. Det vil då vere høve til å komma med eventuelle merknader eller motsegn mot planforslaget før endeleg handsaming av planen.