Området er i arealdelen til kommuneplanen og i gjeldande reguleringsplan avsett til byggjeområde for fritidsbustader og til næring. Føremålet med reguleringsendringa er i hovudsak å endre næringsfelta i gjeldande plan til fritidsbustader, då sal av næringsfritidsbustader har vist seg vanskeleg. I tillegg er det ynskjeleg å flytte tilkomst-/ fellesområde i Q1- feltet for betre tilpassing til terreng og øvrig infrastruktur, samt å betre utnyttinga av loft ved å auke gesims- og mønehøgder for alle delfelta med 30 cm. Det vert vurdert å gjere endringar i hytte-/ tomteplasseringar i høve til at flest mogeleg skal ha tilkomst med bil og parkering på eiga tomt. Det vert også vurdert å gjere endringar, forenklingar og ei samordning av føresegnene for hyttestorleiker/ -typar. Reguleringsplanen skal oppdaterast til gjeldande digitalt sosi- format, med dei justeringane i føremål som dette inneber.
Tilkomst vil skje frå eksisterande kryss ved E134 og på opparbeidde vegar i samsvar med gjeldande reguleringsplan. Eksisterande kryss er utbetra og godkjent av Statens vegvesen.
Området er av Odda kommune vurdert til ikkje å utløysa krav om konsekvensutgreiing (KU), då planarbeidet er i hovudsak i samsvar med gjeldande reguleringsplan og kommuneplan i området.
For nærare informasjon kan du kontakta Omega Areal AS, tlf 975 40 000.
Eventuelle merknader til oppstart av planarbeidet kan sendast til Omega Areal AS, Kvassen, 5582 Ølensvåg eller areal@omega.no - innan 07.08.2015.
Etter at meldingsfristen er ute vil sjølve planforslaget verta utarbeidd og innsendt til kommunen. Etter første gongs handsaming vert planen utlagt til offentleg ettersyn. Det vil då vere høve til å komma med eventuelle merknader og motsegn mot planforslaget før endeleg handsaming av planen.
Vedlegg