Varsel om oppstart av reguleringsplan for Lofthus Camping – Ullensvang herad

I samsvar med § 12-8 i Plan og bygningslova, vil me med dette informera om at Omega Areal as på vegne av Lofthus Camping skal utarbeide forslag til reguleringsplan for Lofthus Camping i Ullensvang herad. Planområdet går fram av vedlagte kart. Varsel om oppstart er lagt ut på heimesida til Ullensvang herad og Omega Areal as.

Området er i arealdelen til kommuneplanen sett av til fritids- og turistføremål, og det er gitt føresegn for området. Føresegna for FT1 – Helleland, Lofthus Camping set krav om reguleringsplan før byggjetiltak kan setjast i verk. Føremålet med planarbeidet er å leggje til rette for vidare drift og utvikling av campingplassen med opning for å kunne byggje nye utleigehytter. Tilkomst til området er frå eksisterande avkjørsle i fylkesveg 102.

Området er av Ullensvang herad vurdert til (ikkje) å utløysa krav om konsekvensutgreiing (KU), då kommunen vurderer at reguleringsplanen er i samsvar med kommuneplanen.

For nærare informasjon kan du kontakta Omega Areal as, tlf 975 40 000.

Eventuelle merknader til oppstart av planarbeidet kan sendast til Omega Areal as, Kvassen, 5582 Ølensvåg eller areal@omega.no - innan 03.12.2014.

Etter at meldingsfristen er ute vil sjølve planforslaget verta utarbeidd og innsendt til kommunen. Etter første gongs handsaming vert planen utlagt til offentleg ettersyn. Det vil då vere høve til å komma med eventuelle merknader og motsegn mot planforslaget før endeleg handsaming av planen.


Bilder


Vedlegg