Varsel om oppstart av detaljreguleringsplan for Lauareid næringsområde – del av gnr. 55, bnr. 3 – Etne kommune

I samsvar med § 12-8 i Plan og bygningslova, vil me med dette informera om at Omega Areal AS på vegne av tiltakshavar skal utarbeide forslag til reguleringsplan for næringsområde på Lauareid i Etne kommune. Planområdet går fram av vedlagte kart. Varsel om oppstart er lagt ut på heimesida til Etne kommune og Omega Areal AS.

Området er i gjeldande kommuneplan sett av til næringsføremål og LNF- område, og ligg nord for Lauareidtjørna og aust for E134. Området vil bli nytta til produksjon og lagring av murstein frå nærliggjande steinbrot og til uttak av stadeigne massar i samband med utviding av planert areal. Restarealet vil bli regulert til LNF- føremål.

Det vil verta utarbeidd ein planomtale for det involverte areal.

For nærare informasjon kan du kontakta Omega areal AS, tlf. 469 82 007.

Eventuelle merknader til oppstart av planarbeidet kan sendast til

Omega Areal AS, Kvassen, 5582 Ølensvåg eller e-post areal@omega.no innan 17.01.2014

Etter at meldingsfristen er ute vil sjølve planforslaget verta utarbeidd og innsendt til kommunen. Etter første gongs handsaming vert planen utlagt til offentleg ettersyn. Det vil då vere høve til å komma med eventuelle merknader og motsegn mot planforslaget før endeleg handsaming av planen.


Bilder


Vedlegg