Varsel om oppstart av reguleringsarbeid for veg på del av gnr. 145, bnr. 21, 48, 73 og 77 – Suldal kommune

I samsvar med § 12-8 i Plan og bygningslova, vil me med dette informera om at Omega Areal as på vegne av tiltakshavar skal utarbeide forslag til endring av gjeldande disposisjonsplan, Hytteplan Dalberget, til også å omfatte køyrbar tilkomstveg mot heilårsbustaden på gnr. 145, bnr. 21 og 73. Planområdet går fram av vedlagte kart. Varsel om oppstart er lagt ut på heimesida til Suldal kommune og Omega Areal as.

Området er i arealdelen til kommuneplanen sett av til byggjeområde for fritidsbustader, der heilårsbustaden på gnr. 145, bnr. 21 er vidareført i eksisterande disposisjonsplan for hytter frå 1970 som tidlegare fråskilt tomt, og har vegrett som køyreveg frå offentleg veg. Delar av tilkomstvegen er i disposisjonsplanen synt som gangveg. Føremålet med planarbeidet er å leggje til rette for køyrbar tilkomstveg mot gnr. 145, bnr. 21 og 73.

Tiltakshavar er Kjetil Kristensen.

Området er av Suldal kommune vurdert til ikkje å utløysa krav om konsekvensutgreiing (KU).

For nærare informasjon kan du kontakta Omega areal AS, tlf. 975 40 000.

Eventuelle merknader til oppstart av planarbeidet kan sendast til

Omega Areal AS, Kvassen, 5582 Ølensvåg eller e-post areal@omega.no innan 11.04.2014

Etter at meldingsfristen er ute vil sjølve planforslaget verta utarbeidd og innsendt til kommunen. Etter første gongs handsaming vert planen utlagt til offentleg ettersyn. Det vil då vere høve til å komma med eventuelle merknader og motsegn mot planforslaget før endeleg handsaming av planen.


Bilder


Vedlegg