Varsel om oppstart av reguleringsarbeid for Jensabjørke, Rosendal — Kvinnherad kommune
I samsvar med § 12-8 i Plan og bygningslova, vil me med dette informera om at Omega 365 Areal på vegne av Jensabjørke AS skal utarbeide forslag til reguleringsplan for Jensabjørke - Rosendal, gnr. 82, bnr. 231 i Kvinnherad kommune. Planområdet omfattar den gjeldande eigedomen, samt areal for frisiktsoner til veg. Avgrensinga går fram av vedlagte kart. Varsel om oppstart er lagt ut på heimesida til Kvinnherad kommune og Omega 365 Areal.
Planarbeidet var gjenstand for politisk handsaming som prinsippvurdering, av forvaltningskomiteen i Kvinnherad kommune den 18.06.2014. Det vart rådd til oppstart av arbeid med privat detaljreguleringsplan for området, i samsvar med forespurnaden.
Området er i arealdelen til kommunedelplan for Rosendal-området sett av til LNF-område med spreidde bustader og inntil 4 bustadeiningar. Føremålet med planarbeidet er å leggje til rette for ein noko meir konsentrert utbygging, med 7-11 tomter eller 10-20 bustadeiningar. Det vil bli lagt opp til at området skal opparbeidast med areal for leik, uteopphald og parkering. Bustadområdet vil få felles tilkomst frå Bjørkesvegen.
Planen er ikkje i tråd med overordna plan og skal derfor vurderast etter forskrift om konsekvensutredninger om det skal krevjast utarbeiding av konsekvensutgreiing i samband planarbeidet. Området og den planlagde utbygginga er ikkje vurdert til å komma inn under kriteria i § 4 i forskriften, og Kvinnherad kommune har vurdert planarbeidet til ikkje å utløysa krav om konsekvensutgreiing (KU).
For nærare informasjon kan du kontakta Omega 365 Areal AS, tlf 911 57 234 / 975 40 000.
Eventuelle merknader til oppstart av planarbeidet kan sendast til
Omega 365 Areal AS, Kvassen, 5582 Ølensvåg eller e-post areal@omega.no innan 14.08.2014
Etter at meldingsfristen er ute vil sjølve planforslaget verta utarbeidd og innsendt til kommunen. Etter første gongs handsaming vert planen utlagt til offentleg ettersyn. Det vil då vere høve til å komma med eventuelle merknader og motsegn mot planforslaget før endeleg handsaming av planen.