Varsel om oppstart av detaljreguleringsplan for Isvik Brygge - Vindafjord kommune

I samsvar med § 12-8 i Plan og bygningslova, vil me med dette informere om at Omega Areal as på vegne av Isvik Helse as skal utarbeide forslag til reguleringsplan for Isvik Brygge i Vindafjord kommune. Planområdet ligg i Isvik, og omfattar i hovudsak eigedom 166/10. I dag er areala nytta til privat service og forretning, m.a. av Vindafjord legesenter og Frøken Fryd kafe og interiør med tilhøyrande tilkomst og parkering. Heile planområdet er vist i vedlagte kart. Varsel om oppstart er lagt ut på heimesida til Vindafjord kommune og Omega Areal as.

Føremålet med planarbeidet er å leggje til rette for leilegheiter i to nye etasjar på dagens «bankbygg». Planområdet omfattar også kommunal eigedom i nord som i gjeldande reguleringsplanar er sett av til leikeplass og friområde. Leikeareal for nye leilegheiter er, i samråd med kommunen, vurdert lagt til eksisterande leikeplass tilhøyrande bustadfeltet. Leikeplassen har i dag storleik som kvalifiserer til kvartalsleikeplass. Velforeininga i Isvik bustadfelt blir særskilt oppmoda til å kome med innspel til planarbeidet.

I gjeldande kommuneplan er området sett av til sentrumsformål og grøntstruktur. Det er to gjeldande eldre reguleringsplanar i området; Isvik industriområde frå 1998 og Isvik boligfelt frå 1971. I dei gjeldande planar er området sett av til forretning mv., bustadutbygging, allmennyttig føremål og friområde inkl. leikeplass.

Tilkomst til «bankbygget» med parkering på garasjetaket vil vere uendra. Dagens føremål med forretning og tenesteyting i fyrste og andre etasje skal halde fram. Det vil bli vurdert eit ytterlegare byggjetrinn over garasjetaket i løpet av planprosessen.

Området er vurdert til å ikkje utløyse krav om konsekvensutgreiing (KU), då planarbeidet er i samsvar med overordna plan.

For nærare informasjon kan du kontakta Omega Areal as, tlf 975 40 000. Eventuelle merknader til oppstart av planarbeidet kan sendast til Omega Areal as, Kvassanesvegen 4, 5582 Ølensvåg eller areal@omega.no - innan 15.11.2019.


Bilder


Vedlegg