Varsel om oppstart av reguleringsendring for Hundsneset, Tysvær kommune

I samsvar med § 12-8 i Plan og bygningslova, vil me med dette informere om at Omega Areal as på vegne av Byggmester Magnar Halvorsen skal utarbeide forslag til reguleringsendring for Hundsneset, del av gnr. 35, bnr. 2, Tysvær kommune. Planområdet går fram av vedlagte kart. Varsel om oppstart er lagt ut på heimesida til Tysvær kommune og Omega Areal as.

Området er regulert med vedtak i kommunestyret 16. desember 2009. Føremålet med reguleringsendringa er å flytta privat småbåtanlegg og å oppdatera internt vegsystem.

Området er av Tysvær kommune vurdert til ikkje å utløyse krav om konsekvensutgreiing (KU), då reguleringsendringa ikkje er i strid med overordna plan.

For nærare informasjon kan du kontakta Omega Areal as, tlf 975 40 000.

Eventuelle merknader til oppstart av planarbeidet kan sendast til Omega Areal as, Kvassanesvegen 4, 5582 Ølensvåg eller areal@omega.no - innan 14.11.2016.

Etter at meldingsfristen er ute vil sjølve planforslaget verte utarbeidd og innsendt til kommunen. Etter første gongs handsaming vert planen utlagt til offentleg ettersyn. Det vil då vere høve til å komma med eventuelle merknader og motsegn mot planforslaget før endeleg handsaming av planen.


Bilder


Vedlegg