Varsel om oppstart av detaljreguleringsplan for Hiksdal natursteinbrot – del av gnr. 275, bnr. 2 – Vindafjord kommune

I samsvar med § 12-8 i Plan og bygningslova, vil me med dette informera om at Omega Areal AS på vegne av tiltakshavar skal utarbeide forslag til reguleringsplan for natursteinbrot på Hiksdal i Vindafjord kommune. Planområdet går fram av vedlagte kart. Varsel om oppstart er lagt ut på heimesida til Vindafjord kommune og Omega Areal AS.

Området er i gjeldande kommuneplan sett av til råstoffutvinning/masseuttak og LNF- område, og ligg nord og aust for Hiksdalsvegen. Det vil bli innspel til pågånde arbeid med kommuneplanen at arealet til massetak blir utvida mot nordaust.

Området vil bli nytta til produksjon og lagring av murestein og knusing av skrotmassar til grus, singel og pukk. Arealet vil bli tilbakeført til jordbruksareal etter kvart som dei aktuelle massane er tatt ut. Arealet i sørlege delen av planområdet vil bli regulert til jordbruk. Restarealet vil bli regulert til LNF- føremål.

Vindafjord kommune har vurdert at planen i det vesentlege er i samsvar med godkjent kommuneplan og det blir derfor ikkje utarbeidd planprogram i medhald av § 4-1 i plan- og bygningslova.

Det vil verte utarbeidd ein planomtale for det involverte areal.

For nærare informasjon kan du kontakta Omega Areal, tlf 469 82 007. Eventuelle merknader til oppstart av planarbeidet kan sendast til Omega Areal AS, Kvassen, 5582 Ølensvåg eller areal@omega.no - innan 07.08.2015. Etter at meldingsfristen er ute vil sjølve planforslaget verta utarbeidd og innsendt til kommunen. Etter første gongs handsaming vert planen utlagt til offentleg ettersyn. Det vil då vere høve til å komma med eventuelle merknader og motsegn mot planforslaget før endeleg handsaming av planen.


Bilder


Vedlegg