Varsel om oppstart av detaljreguleringsplan for Hervik Brygge, Hervik i Tysvær kommune.

I samsvar med § 12-8 i Plan og bygningslova, vil me med dette informera om at Omega Areal AS på vegne av tiltakshavar skal utarbeide forslag til reguleringsplan for Hervik Brygge i Tysvær kommune. Planområdet går fram av vedlagte kart. Varsel om oppstart er lagt ut på heimesida til Tysvær kommune og Omega Areal AS.

Området ligg på vestsida av Hervikvågen og er i gjeldande kommuneplan sett av til forretning og friområde. I reguleringsplanane er området vist som forretning.

Området vil bli nytta til konsentrert bustadbygging, forretning, bevertning og båthamn med tilhøyrande infrastruktur.

Tysvær kommune har vurdert at planen i det vesentlege er i samsvar med godkjent kommuneplan og det blir derfor ikkje utarbeidd planprogram i medhald av § 4-1 i plan- og bygningslova.

Det vil bli utarbeidd ein planomtale for det aktuelle arealet.

For nærare informasjon kan du kontakta Omega Areal AS v/ Arild Karlsen, tlf 469 82 007.

Eventuelle merknader til oppstart av planarbeidet kan sendast til Omega Areal as, Kvassanesvegen 4, 5582 Ølensvåg eller areal@omega.no - innan 21.12.2015.


Bilder


Vedlegg