Hopp til innhold

Varsel om oppstart av detaljregulering for Heggjo aust, del av gnr. 273 bnr. 2 m.fl., Ølen — Vindafjord kommune

I samsvar med § 12-8 i Plan og bygningslova, vil me med dette informere om at Omega 365 Areal AS på vegne av Sjur Heggen skal utarbeide forslag til reguleringsplan for Heggjo aust, del av gnr. 273 bnr. 2 mfl. i Vindafjord kommune. Planområdet går fram av vedlagte kart. Varsel om oppstart er lagt ut på heimesida til Vindafjord kommune og på areal.omega.no. Her finn ein og planinitiativet som vart sendt til kommunen i samband med førespurnad om oppstartsmøte, og referat frå oppstartsmøtet.

Området er i arealdelen til kommuneplanen i hovudsak sett av til byggjeområde for bustad. Ein del av tilkomstvegen til planområdet inngår i reguleringsplan for Øvrehagen bustadområde (planID 2000-105-03). Føremålet med planarbeidet er å leggje til rette for etablering av bustadar med tilhøyrande tilkomst.

Planarbeidet er i tråd med gjeldande kommuneplan, og er av Vindafjord kommune vurdert til ikkje å utløysa krav om konsekvensutgreiing (KU).

For nærare informasjon kan du kontakta Omega 365 Areal AS, tlf 975 40 000.

Eventuelle merknader til oppstart av planarbeidet kan sendast til Omega 365 Areal AS, Kvassanesvegen 4, 5582 Ølensvåg eller areal@omega.no - innan 25.04.2018.

Etter at meldingsfristen er ute vil sjølve planforslaget verte utarbeidd og innsendt til kommunen. Etter første gongs handsaming vert planen utlagt til offentleg ettersyn. Det vil då vere høve til å komma med eventuelle merknader til planforslaget før endeleg handsaming av planen.

Bilder