Varsel om oppstart av reguleringsarbeid for Heggjo, del av gnr. 273 bnr 1 og 32 m.fl. – Vindafjord kommune

I samsvar med § 12-8 i Plan og bygningslova, vil me med dette informera om at Omega Areal as på vegne av Vindafjord tomteselskap as skal utarbeide forslag til reguleringsplan for Heggjo, del av gnr. 273 bnr 1 og 32 m.fl. i Vindafjord kommune. Planområdet går fram av vedlagte kart. Varsel om oppstart er lagt ut på heimesida til Vindafjord kommune og Omega Areal as.

Området er i arealdelen til kommuneplanen i hovudsak sett av til byggeområde for bustad. Ein mindre del av det fell inn under LNF-føremål. Hensikten med planarbeidet er å legga til rette for etablering av bustader med tilhøyrande tilkomst og felles leikeareal.

Planarbeidet er i tråd med gjeldande kommuneplan, og er av Vindafjord kommune vurdert til ikkje å utløysa krav om konsekvensutgreiing (KU).

For nærare informasjon kan du kontakta Omega Areal as, tlf 911 57 234 eller 975 40 000.

Eventuelle merknader til oppstart av planarbeidet kan sendast til Omega Areal as, Kvassen, 5582 Ølensvåg eller areal@omega.no - innan 11.06.2015.

Etter at meldingsfristen er ute vil sjølve planforslaget verta utarbeidd og innsendt til kommunen. Etter første gongs handsaming vert planen utlagt til offentleg ettersyn. Det vil då vere høve til å komma med eventuelle merknader og motsegn mot planforslaget før endeleg handsaming av planen.


Bilder


Vedlegg