Hopp til innhold

Varsel om oppstart av detaljregulering for Hamrehagane på Ytre Hamre — Vindafjord kommune

I samsvar med § 12-8 i Plan- og bygningslova, vil me med dette informera om at Omega 365 Areal AS på vegne av tiltakshavar, Sigurd Fresvik, skal utarbeide forslag til reguleringsplan for Hamrehagane på Ytre Hamre. Varsel om oppstart er lagt ut på heimesida til kommunen og Omega 365 Areal AS.

Føremålet med planarbeidet er å leggje til rette for hytteutbygging og tilhøyrande anlegg ved sjø med mindre naustbuer og båtplassar. Tilkomst til hyttefeltet vil skje på ny veg mot nord i ei forlenging av eksisterande privat veg. Eksisterande avkøyrsle frå fv. 762 vert nytta, og ev. utbetra. Arbeidet med tilkomstvegen er igangsett, som landbruksveg klasse 7, godkjent av kommunen. Vegen vil difor ha ein kombinert bruk. Området for veg kan verta justert noko etter innmåling.

Område for hytteutbygging er i arealdelen til kommuneplanen sett av til dette føremålet. Tilkomstveg og småbåtanlegg er i kommuneplanen sett av til LNF- område. Småbåtanlegget vil liggje i ei forlenging av eksisterande småbåthamn i tilgrensande gjeldande plan, og kan sjåast i samanheng med denne. Delar av planområdet ligg innafor omsynssone for skred i kommuneplanen.

Området er av Vindafjord kommune vurdert til å ikkje utløysa krav om konsekvensutgreiing (KU), då hovudføremålet (hytteutbygging) er i samsvar med overordna plan.

For nærare informasjon kan du kontakta Omega 365 Areal AS, tlf 975 40 000.

Eventuelle merknader til oppstart av planarbeidet kan sendast til Omega 365 Areal AS, Kvassen, 5582 Ølensvåg eller areal@omega.no - innan 22.05.2015

Etter at meldingsfristen er ute vil sjølve planforslaget verta utarbeidd og innsendt til kommunen. Etter første gongs handsaming vert planen utlagt til offentleg ettersyn. Det vil då vere høve til å komma med eventuelle merknader og motsegn mot planforslaget før endeleg handsaming av planen.