Varsel om oppstart av endring av eksisterande reguleringsplan for Halvfjordingen, Rullestad – Etne kommune

I samsvar med § 12-8 i Plan og bygningslova, vil me med dette informere om at Omega Areal AS som plankonsulent på vegne av tiltakshavar Etne Sparebank skal utarbeide forslag til endring av detaljregulering for campingplassen på Rullestad i Etne kommune.

Området er i eksisterande plan regulert til campingplass, rasteplass, landbruksareal mm. I arealdelen til kommuneplanen er området sett av til framtidig byggjeområde for næring. Eigedomen består for det meste i del av 102/3 og 102/3/1. Føremålet med planarbeidet er å leggje til rette for campingplass og eksisterande opparbeidde anlegg i området.

Planområdet er på ca. 42 daa, og ligg mellom E134 og elva/vatnet.

Hovudføremålet med endringa av planen er å regulere campingplass i området som i eksisterande plan er avsett som landbruksområde. Planen vil elles verte oppdatert i samsvar med dagens situasjon og føresegner vil endrast tilsvarande.

Området er av Etne kommune vurdert til å ikkje utløyse krav om konsekvensutgreiing (KU), då området er avsett til føremålet i overordna plan, og området inngår i eksisterande plan.

Sjå oversiktskart, kart som syner planområdet, gjeldande plankart og føresegner, referat frå oppstartmøte og planinitiativ.

For nærare informasjon kan du kontakta Omega Areal AS, tlf 975 40 000.

Eventuelle merknader eller innspel til oppstart av planarbeidet kan sendast til Omega Areal as, Kvassanesvegen 4, 5582 Ølensvåg eller areal@omega.no - innan 15.08.2018.

Etter at meldingsfristen er ute vil sjølve planforslaget verte utarbeidd og innsendt til kommunen. Etter første gongs handsaming vert planen utlagt til offentleg ettersyn. Det vil då vere høve til å komma med eventuelle innspel, merknader og motsegn mot planforslaget før endeleg handsaming av planen.


Bilder


Vedlegg