Hopp til innhold

Detaljregulering for Grindafjord Feriesenter — Tysvær Kommune

I medhald av § 12-14 i plan- og bygningslova blir det med dette varsla om at det er sett i gong arbeid med mindre reguleringsendringar i nemnde detaljreguleringsplan. Planområdet ligg i Tysvær, mellom Grindevatnet og Grindafjorden, og gjeldande detaljreguleringsplan er godkjent 26.2.2013.

Føremålet er å endra reguleringsføresegnene (2.7 og 2.8) slik at det blir samsvar med føresegnene til arealdelen i kommuneplanen (6.5.1) når det gjeld omgrep og storleik på ulike typar einingar, grad av utnytting, største tillatne bygde areal, levegger, terrassar og rekkverk/inngjerding.

Planendringane vil bli fremma som ei mindre reguleringsendring innanfor ramma av kommuneplan godkjent 11.9.2012. Dette kan derfor vera det einaste høvet il å koma med innspel og merknadar.

Tysvær kommune har vurdert at planen ikkje vil få vesentleg verknad for miljø og samfunn og det blir derfor ikkje utarbeidd planprogram i medhald av § 4-1 i plan- og bygningslova. Planføresegner er vedlagt og er lagt ut på heimesidene til Tysvær kommune og Omega 365 Areal.

For nærare informasjon kan du kontakta Omega 365 Areal, tlf 469 82 007.

Eventuelle merknader til oppstart av planarbeidet kan sendast til e-post: areal@omega.no eller Omega 365 Areal AS, 5582 Ølensvåg - innan 16.10.2015.