Varsel om oppstart av detaljregulering for Godøysund – Tysnes kommune.

I samsvar med §§ 12-8 og 12-9 i Plan og bygningslova, vil me med dette varsla om at Omega Areal as på vegne av Godøysund AS skal utarbeide forslag til detaljregulering for Godøysund, gnr./bnr. 101/1 m.fl., i Tysnes kommune. Planområdet går fram av kart. Varsel om oppstart er lagt ut på heimesidene til Tysnes kommune og Omega Areal as.

Området er i arealdelen til kommuneplanen sett av til byggjeområde for næringsverksemd og LNF-område. Området er i gjeldande reguleringsplan regulert til hotell og fritidsbusetnad til både utleige og sal. Føremålet med planarbeidet er å leggje til rette for fritidsbustadar. Planen skal i tillegg leggje til rette for småbåtanlegg og gjestehamn med tilhøyrande funksjonar, samt moglegheit for etablering av kafé og sanitærbygg.

Tilkomst til området er tenkt via FV80 Godøysundvegen over eksisterande bru. I tillegg vil ein sjå på moglegheit for parkering på allereie opparbeida område på fastlandet.

Området er av Tysnes kommune vurdert til å utløyse krav om konsekvensutgreiing (KU), då planen medfører nye utbyggingsområde utover det som er avsett til utbyggingsføremål i kommuneplanen sin arealdel. Det er utarbeida planprogram, jf. plan- og bygningslova § 4-1, som gjer nærare greie for planforslaget og konsekvensutgreiinga.

For nærare informasjon kan du kontakta Omega Areal as, tlf 975 40 000.

Eventuelle merknader til oppstart av planarbeidet kan sendast til Omega Areal as, Kvassanesvegen 4, 5582 Ølensvåg eller areal@omega.no - innan 13.02.2019.

Etter at meldingsfristen er ute vil planprogrammet eventuelt bli revidert og handsama av kommunen. Sjølve planforslaget blir utarbeidd med konsekvensutgreiing i tråd med planprogrammet, og innsendt til kommunen. Etter første gongs handsaming blir planen utlagt til offentleg ettersyn. Det vil då vere høve til å komma med eventuelle merknader og motsegn mot planforslaget før endeleg handsaming av planen.


Bilder


Vedlegg