Hopp til innhold

Varsel om oppstart av detaljregulering for Giskavika og Hamn i Skjoldafjorden — Vindafjord kommune

I samsvar med § 12-8 i Plan og bygningslova, vil me med dette informere om at Omega 365 Areal AS på vegne av tiltakshavarar skal utarbeide forslag til reguleringsplan for gnr.187 bnr. 3, gnr. 188 bnr. 1-4 og 10 m.fl., som ligg i Skjoldafjorden i Vindafjord kommune. Planområdet går fram av vedlagte kart. Varsel om oppstart er lagt ut på heimesida til Vindafjord kommune og Omega 365 Areal AS.

Føremålet med planarbeidet er å leggje til rette for fritidsbustadar, naust og småbåtanlegg. Området er i arealdelen til kommuneplanen sett av til byggjeområde for fritidsbustadar, småbåthamn og LNF-område. Delar av planområdet inngår i ein gjeldande reguleringsplan (Plasset, vedtatt 20.03.1990), og denne vil nå verte samordna med reguleringsplanen for Giskavika og Hamn. Det er eit ynskje om å utvida småbåtanlegga utover det som er sett av i kommuneplan og i gjeldande reguleringsplan. Tilkomsten til området er tenkt via eksisterande avkøyrsler frå fv. 513.

I samråd med Vindafjord kommune har vi vurdert at planen, med utviding av småbåtanlegga, ikkje utløyser krav om konsekvensutgreiing (KU), då reguleringa i hovudsak er i tråd med kommuneplanen.

For nærare informasjon kan du kontakta Omega 365 Areal as, tlf 975 40 000.

Eventuelle merknader til oppstart av planarbeidet kan sendast til Omega 365 Areal AS, Kvassanesvegen 4, 5582 Ølensvåg eller areal@omega.no - innan 10.09.2017.

Etter at meldingsfristen er ute vil sjølve planforslaget verte utarbeidd og innsendt til kommunen. Etter første gongs handsaming vert planen utlagt til offentleg ettersyn. Det vil då vere høve til å komma med eventuelle merknader til planforslaget før endeleg handsaming av planen.

Bilder