Melding om oppstart av detaljregulering for del av gnr/bnr 58/2, Vikanes – Limbuvik II, Stord kommune PlanID 202002

I samsvar med § 12-8 og §12-9 i Plan og bygningslova, vil me med dette informere om at Omega 365 Areal AS på vegne av Haktor K AS v/ Lars Saue set i gang arbeid med å utarbeide forslag til endring av detaljregulering for del av gnr/bnr 58/2, Vikanes – Limbuvik II i Stord kommune. Samstundes med varsling av oppstart vert forslag til planprogram lagt ut til høyring.

Planstatus og føremål

Området er tidlegare delvis regulert i detaljregulering for Vikanes – Limbuvik (planID 201213). Gjeldande plan blir oppheva og erstatta av ny plan. Kommunen har vurdert at utvidinga ikkje er i samsvar med kommuneplanen, område S20, spreidd næringsbebyggelse, sjå elles saksutgreiing i sak PS-4/20.

Føremålet med endringa er å utvida området på bakgrunn av stor etterspurnad og gode erfaringar med drifta, og det er planar om å utvide areal for båtopplag avsett til hamneområde i sjø i gjeldande detaljregulering for gnr/ bnr 58/2 Vikanes – Limbuvik. I tillegg vert det planlagt å regulere eit mindre areal på land av landbruksareal i reguleringsplan for Stord lufthamn Sørstokken for å leggje til rette for fleire landfeste. Mesteparten av utvidinga skjer mot nord langs fjellsida slik at båtar i opplag ikkje vert synleg frå hus og hytter i Limbuvik.

Avgrensing

Avgrensing av planområdet er vist på vedlagte kartutsnitt. Varsel om oppstart er også lagt ut på stord.kommune.no og areal.omega.no, og planinitiativ og saksutgreiing/vedtak i PS-4/20 er tilgjengeleg på desse sidene.

Viktige utgreiingar

Området er av Stord kommune vurdert til å ikkje vera i samsvar med overordna planar og utløyser med det krav om konsekvensutgreiing (KU). Tema som vil utgreiast i planarbeidet vil vere: omsynet til friluft i sjø og på land, fiske, ferdsel sjø, folkehelse (støy m.v.), naturmangfald, landskap, kulturminne (fossilar), trafikk, verdiskaping og næringsutvikling. Sjå elles sak PS-4/20.

Innspel

Eventuelle innspel til planen skal sendast skriftleg til Omega 365 Areal AS, Kvassanesvegen 4, 5582 Ølensvåg eller areal@omega.no - innan 16.03.2021.

For nærare informasjon kan du kontakta Omega 365 Areal AS, tlf 975 40 000.

Etter at meldingsfristen er ute vil sjølve planforslaget verte utarbeidd og innsendt til kommunen. Etter første gongs handsaming vert planen utlagt til offentleg ettersyn. Det vil då vere høve til å komma med eventuelle merknader til planforslaget før endeleg handsaming av planen.

Bilder

Vedlegg