Varsel om oppstart av detaljregulering for Sand vassverk, Hønesteg Suldal kommune.

I samsvar med § 12-8 i Plan- og bygningslova vil me med dette informere om at Omega Areal AS på vegne av Suldal kommune skal utarbeide forslag til reguleringsplan for Sand Vassverk, Hønesteg i Suldal kommune. Planområdet går fram av vedlagte kart.

Området er i gjeldande kommuneplan 2015-2024 avsett til føremål for LNF- areal og framtidig næringsverksemd, med omsynssone for nedslagsfelt drikkevatn, H110_4. Varsla planområde er noko større enn avsett omsynssone i KPA, men ligg i tråd med tilsigsområde kartlagt i forprosjekt.

Føremålet med planarbeidet er å leggje til rette for ny hovudvasskjelde for drikkevatn på Sand. Dagens vassverk ved Larvika vil etter utbygginga liggje som reservevasskjelde. To eksisterande vassbrønnar ved Hønesteg skal nyttast, og det skal gjennom detaljplan sikrast bygging av nytt vasshandsamingsanlegg med tilhøyrande anlegg og infrastruktur for vidarekopling til leidningsnettet til Sand. Planen skal også sikre ei større sone for ytre påverknad/ ureining. Tilkomst til anlegget vil skje frå eksisterande veganlegg.

Tiltaket er av Suldal kommune vurdert til å ikkje utløyse krav til konsekvensutgreiing (KU) då planarbeidet er i tråd med avsett føremål i overordna plan.

For nærmare informasjon kan du kontakte Omega Areal AS på telefon 975 40 000.

Eventuelle merknadar/innspel til oppstart av planarbeidet kan sendast til Omega Areal AS, Kvassanesvegen 4, 5582 Ølensvåg eller via e-post areal@omega.no innan 08.08.2021.

Etter meldingsfristens utløp vert sjølve planforslaget utarbeidd og sendt inn til kommunen. Etter 1. gangs handsaming vert planforslaget lagt ut til offentleg ettersyn. Det vil då vere høve til å komme med eventuelle merknadar, innspel og motsegn til planforslaget før endeleg handsaming av planen.

Bilder

Vedlegg