Hopp til innhold

Varsel om oppstart av detaljregulering for Korggardsvika, Husnes, PlanID 20180001 — Kvinnherad kommune

I samsvar med § 12-8 i Plan og bygningslova, vil vi med dette informera om at Omega 365 Areal AS på vegne av grunneigar skal utarbeide forslag til ny detaljregulering for Korggardsvika på gnr/bnr 144/222, 144/40, 144/194, 144/21, 144/15 og 144/236. Varsel om oppstart vert lagt ut på desse nettsidene: kvinnherad.kommune.no og areal.omega.no, og der finn de meir informasjon.

Området er i reguleringsplan «Bogsnes/Røssland del av gnr 144 og 145. Del 2» regulert til industri og er i arealdelen til kommuneplanen for Kvinnherad 2016 - 2026 sett av til næringsverksemd med bestemmelsesområde: spreidd bustad, fritids- eller næringsbebyggelse. Områder i sjø er avsett til bruk og vern av sjø og vassdrag med tilhøyrande strandsone. Det skal ikkje regulerast båtplassar i sjø.

Føremålet med planen er å regulere området og legge til rette for noko utviding av etablert næringsføretak, nye bustadar i form av einebustader og konsentrerte bustader, samt eit mindre naustområde i nord-vest som maksimalt kan oppta 40% av strandlinja. Det skal ikkje regulerast båtplassar i sjø. Det er allereie regulert ein samla tilkomst til planområdet i nord frå vegen Bogsnes, som det er tenkt å nytta i planen.

Planarbeidet er av Kvinnherad kommune vurdert til å ikkje utløyse krav om konsekvensutgreiing (KU), då planen sitt areal ikkje utløyser krav for dette iht. departementet si nye rettleiing om konsekvensutredningar for planer etter PBL, sjå nærare grunngjeving på heimesidene, i planinitiativ og i referat frå oppstartsmøte. Det vil likevel konsekvensvurderast enkelte tema i planomtale/ROS-analyse, då det mellom anna vert lagt opp til nokre nye naust i strandsona mm.

For nærare informasjon om planarbeidet, kan du kontakta Omega 365 Areal AS, v/Elisabeth Silde tlf 977 40 808 eller vårt sentralbord tlf 975 40 000.

Eventuelle merknadar eller innspel til oppstart av planarbeid kan sendast til Omega 365 Areal AS, Kvassanesvegen 4, 5582 Ølensvåg eller areal@omega.no - innan 13.08.2021.

Etter at meldingsfristen er utgått vil sjølve planforslaget bli utarbeidd og innsendt til kommunen. Etter første gongs behandling blir planforslaget lagt ut til offentleg ettersyn. Det vil då vere mogleg å koma med eventuelle merknadar og innspel til sjølve planforslaget før endeleg behandling av planen.

Bilder