Hopp til innhold

Varsel om oppstart av detaljregulering for del av Smedsvik – PlanID 1160202002 — Vindafjord Kommune

I samsvar med § 12-8 i Plan og bygningslova, vil vi med dette informera om at Omega 365 Areal AS på vegne av grunneigarar skal utarbeide forslag til ny detaljregulering for del av Smedsvik gnr/bnr 67/78,79,186 i Vindafjord kommune. Planområdet går fram av vedlagte oppstartskart og er ca. 15 daa. Varsel om oppstart vert lagt ut på heimesida til Vindafjord kommune og Omega 365 Areal AS. Vedlagt finn de planinitiativ og referat frå oppstartsmøtet med kommunen.

Området er i arealdelen til kommuneplanen 2017-2029 sett av til omsynssone der gjeldande reguleringsplan framleis skal gjelde (jf. Pbl §11-8f). I den eldre gjeldande reguleringsplan for Søndenåneset Sør er planområdet avsett til sommerhytter og friområde ved sjø. Ny plan vil delvis erstatta gjeldande plan.

Føremålet med planarbeidet er å legga til rette for ei fortetting med fleire hytter (3 stk.) innanfor eksisterande område, men lenger frå sjø enn eksisterande hytter. Tilkomst er tenkt som til eksisterande hytter. Det er planar om å utvida eksisterande småbåtanlegg noko for å få båtplassar til dei nye hyttene. Det er tenkt oppført naustbuer nede ved sjøen. Desse skal leggast inn i terrenget med god landskapstilpassing.

Planarbeidet er av Vindafjord kommune vurdert til å ikkje utløysa krav om konsekvensutgreiing (KU), då området er avsett til føremålet i gjeldande plan, og det berre er snakk om fortetting av området med 3 nye hytter.

For nærare informasjon om planarbeidet, kan du kontakta Omega 365 Areal AS, v/Elisabeth Silde tlf 977 40 808 eller vårt sentralbord tlf 975 40 000.

Eventuelle merknadar eller innspel til oppstart av planarbeid kan sendast til Omega 365 Areal AS, Kvassanesvegen 4, 5582 Ølensvåg eller areal@omega.no - innan 20.01.2021.

Etter at meldingsfristen er utgått vil sjølve planforslaget bli utarbeidd og innsendt til kommunen. Etter første gongs behandling blir planforslaget lagt ut til offentleg ettersyn. Det vil då vere mogleg å koma med eventuelle innspel, merknadar og motsegn mot planforslaget før endeleg behandling av planen.

Bilder