Varsel om oppstart av Aksdalsnes naust og småbåthamn, del av gnr. 7, bnr. 8 – Bokn kommune

I samsvar med § 12-8 i Plan og bygningslova, vil me med dette informera om at Omega Areal AS på vegne av grunneigar skal utarbeide forslag til reguleringsplan for Aksdalsnes naust og småbåthamn, del av gnr. 7, bnr. 8 på Austre Bokn. Planområdet går fram av vedlagte kart. Varsel om oppstart er lagt ut på heimesida til Bokn kommune og Omega Areal AS.

Området er i arealdelen til kommuneplanen sett av til byggjeområde for naust og småbåthamn med krav om reguleringsplan. Føremålet med planarbeidet er å leggje til rette for slik bruk med 8 – 10 naust og 20 – 25 båtplassar for utleige med tilhøyrande veg, parkering og felles utearealer (grillplass etc.). Det vert vurdert i planarbeidet om det skal leggjast ny tilkomstveg utanom eksisterande veg gjennom gardstunet på staden. Ny veg vil bli lagt utanom dyrka mark, og vil vere tenleg for gardsdrifta. Området er tenkt utvikla til utleige som attåtnæring til gardsdrifta.

Tiltakshavar og grunneigar er Helge Solberg.

Området er av Bokn kommune vurdert til ikkje å utløysa krav om konsekvensutgreiing (KU), då planarbeidet er i samsvar med vedteken kommuneplan.

For nærare informasjon kan du kontakta Omega Areal AS, tlf 977 40 808 / 975 40 000.

Eventuelle merknader til oppstart av planarbeidet kan sendast til

Omega Areal AS, Kvassen, 5582 Ølensvåg eller e-post areal@omega.no innan 20.06.2014

Etter at meldingsfristen er ute vil sjølve planforslaget verta utarbeidd og innsendt til kommunen. Etter første gongs handsaming vert planen utlagt til offentleg ettersyn. Det vil då vere høve til å komma med eventuelle merknader og motsegn mot planforslaget før endeleg handsaming av planen.


Bilder


Vedlegg