Varsel om oppstart av reguleringsplan for hybelhus, ny barnehage og bustader – del av gnr. 32, bnr. 684, 685 og 806 – Sauda kommune

I samsvar med § 12-8 i Plan og bygningslova, vil me med dette informera om at Omega areal AS på vegne av Sauda kommune skal utarbeide forslag til reguleringsplan for hybelhus, ny barnehage og bustader i Sauda kommune. Planområdet går fram av vedlagte kart, og omfattar delar av gnr. 32, bnr. 684, 685 og 806. Varsel om oppstart er lagt ut på heimesida til Sauda kommune og Omega areal AS. Oppdragsgivar er Sauda kommune.

Føremålet med planarbeidet er å leggja til rette for hybelhus, ny barnehage og konsentrerte bustader med tilhøyrande anlegg. Hybelhuset er tenkt bygd for elevar ved den vidaregåande skulen.

Det vil verta nytta delar av eksisterande vegtilkomst/ avkøyring til eigedomane. Det er tenkt innkøyring til barnehage og hybelhus via Håkonsgaten og utkøyring ved Klekkeriet sør for planområdet. Eksisterande sti langs vassdrag vil verta regulert med omliggjande grønt belte. Området er av Sauda kommune vurdert til ikkje å utløysa krav om konsekvensutgreiing (KU).

For nærare informasjon kan du kontakta Omega Areal, tlf. 975 40 000.

Eventuelle merknader til oppstart av planarbeidet kan sendast til Omega Areal AS, Kvassen, 5582 Ølensvåg eller e-post areal@omega.no innan 16.09.2013.

Etter at meldingsfristen er ute vil sjølve planforslaget verta utarbeidd og innsendt til kommunen. Etter første gongs handsaming vert planen utlagt til offentleg ettersyn. Det vil då vere høve til å komma med eventuelle merknader og motsegn mot planforslaget før endeleg handsaming av planen.


Bilder


Vedlegg